Kvizzleik - Nynorsk

Det hender sjeldan at May Grethe Lerum forlét arbeid, heim og hage og går frå pubquiz til pubquiz. Men det hender ofte at denne spørjespelfantasten let seg irritere over resirkulerte spørsmål med kjedelege svar.

Les mer

Kvifor spør så mange om hovudstaden i Burkina Faso, når ein heller kan bryne seg på interessante tema kring alt som er knytt til Noreg? Nå tek ho saka i eigne hendar.

I Kvizzleik utfordrar ho andre kuriosanerdar og generelt nyfikne hovud med 1000 underhaldande og helst ikkje lett-googla spørsmål. For å setje tvilaren på sporet, forvirre betrevitaren, eller kanskje mest for moro, har kvart spørsmål møysommeleg fått fire svaralternativ. 

Med kategoriar som Blond og blondare, Kjøkensjefen veit, Sa stortingspolitikaren, Komi-karar og Lumsk blanding er ein garantert spaning og moro med familie og venar, på ferie eller i kunnskapstørst selskap. Så kvess kvizzklørne og la deg rive med av denne Lerumske spørjeleiken!

MAY GRETHE LERUM 

Arbeider som forlagsredaktør, journalist og forfattar. Ho har skrive bøker i ulike sjangrar, mellom anna suksess-romanserien Livets døtre (Schibsted), samtidsromanen Ingerid F (Samlaget) og ungdomstrilogien Solstorm (Aschehoug/Aller forlag). Ho er også kjend som litteraturkritikar i VG, og frå faste spalter i aviser som Morgenbladet, Klassekampen, Hallingdølen, Nationen og Fredriksstad Blad. 

I 1998 tapte ho i Jeopardy på TV2 etter å ha leia stort, fordi ho gløymde å sei «Kva er» på spørsmålet om Næringslivets hovedorganisasjon. Hennar store draum er å få kvizzleike med stortingspolitikarar eller bibliotekarar, og marerittet er å bli slått av dei.

EKSEMPEL:

  • Når bergensarar kallar folk Piddien og Goggen, kva heiter dei som regel offisielt?
  • I kva grein deltok fleire kvinner enn menn for Noreg under OL i Sotsji 2014?
  • Kva by stenger tradisjonelt gater og enkelte butikkar i frykt for norsk invasjon skjærtorsdag?
  • Kor mange bokstavar har det lengste norske ordet?

------------------

MERK: Teksten leveres som rene tekstdokumenter med 10 spørsmål og 4 svaralternativer til hvert spørsmål. Avisen velger selv om de ønsker å trykke f.eks. 5 eller 10 spørsmål av gangen. Teksten kan settes f.eks. på 1-2 spalter, og kan settes med avisens egne fonter. Se eksempler under:

nynorsk, Redaksjonelt, Hjernetrim, Spørsmål, Quiz, Features og reportasjer

Kontakt

Prøver